Gards- og stølsbesøk
I Osterøy og omland fins det mange moglegheiter til å besøke gardar og kome tett på både dyr og produksjon. Fjordslottet Hotell har avtalar med fleire gardar, med eit variert utval av aktivitetar.
Ein mann kall Tyke kom roande inn Osterfjorden og såg laksen spretta - og busette seg her. Etter kvart kom det fleire folk hit, men det var ikkje meir enn fire-fem gardar. Levevegen var jordbruk og laksefiske med gilje og sitjenot.
Garden ligg i eit flott kulturlandskap og populært turområde på Revheim På garden vil ulika generasjoner som har mykje spennande og interessant å fortelja om gardsdrift og matproduksjon i notid og fortid.
I sommarstølen vår kan du få oppleva stølslivet. Du kan få prøva å mjølka, og om det passar slik kan du få laga din eigen geitost, som du kan ta med deg heim.
Om sommaren er geitene på fjellet og då kan det arrangerast tur til stølen med lett servering av stølsmat. Her er både smaksprøver og gardsbutikk.
Garden ligg i bygda Hosanger på vegen inn mot Kossdalen og Kossdalsvingane, og har mjølkeproduksjon med omlag 70 mjølkegeiter. Geitene vert mjølka morgon og kveld.