FJORDPAKKEN OSTERØY
Perfekt for dykk som vil reise og oppleve sammen!
minimum 6 personar
Eit samarbeid mellom Fjordslottet Hotell, Tøsse Brygghus og Flabellina kunstbadstove
Opplev ekte fjordmagi med Fjordpakken!
Er de ein vennegjeng, familie eller ei gruppe som vil ha ei unik oppleving sammen? Då er Fjordpakken noko for dykk!
Med Fjordpakken får de:
Ei god natt i dobbeltrom med frukost på herskapelege Fjordslottet Hotell
Ølsmaking med lokal smak hos Tøsse Brygghus
Velvære og kunst i den særeigne Flabellina kunstbadstove – med høve for eit forfriskande fjordbad for dei tøffaste
Perfekt for minnerike dagar med fine folk og gode opplevingar på vakre Osterøy.
Bestill i dag – og gjer dykk klare for latter, varme og fjordluft!
Transport mellom aktivitetane er ikkje inkludert i Fjordpakken, men kan enkelt ordnast hos Osterøy Taxi
Om du ønskjer andre aktivitetar enn dei i pakken eller har andre behov, så ta kontakt.
Overnatting i dobbeltrom inkludert frokost
Ølsmaking hos Tøsse Brygghus
Velvære hos Flabellina kunstbadstove