Om Fjordslottet Hotell


Ein herskapeleg historie

Med historie i veggane  -  omkransa av fjord og fjell - ønskjer Fjordslottet Hotell velkommen til ei herskapeleg hotelloppleving.  Fjordslottet Hotell ligg på Osterøy – nord Europas største innlandsøy -  ei perle for gode opplevingar.

Osterøy verkar nærmast usannsynleg der ho ligg langt inne i landet med eit eventyrleg mangfald av opplevingar:  natur, historie, kultur, aktivitetar og næringsliv.  Omtala som «småindustriens Mekka» og eit «Noreg i miniatyr.» Det var her bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambo fann elva som gav energi til oppstart av Fotlandsvåg Bomuldspinnerie i 1851, og som førte til oppføring av ein herskapeleg  privatbolig for familien.

Frå 1975 har huset tatt i mot gjester, først som leirskule og pensjonat, og frå 1997 – etter ei omfattande restaurering -  som hotell. Den historiske atmosfæren inviterer til ei personleg og heimekosleg hotelloppleving i våre intime og koselege salongar og stover.