Tur til Kossdalsvingane

Ta turen opp dei 17 hårnålssvingane i Kossdalen på Osterøy. Eit kulturhistorisk vegminne frå slutten av 1800-talet.

Berre nokre kilometer frå Fjordslottet ligg Hosanger. Herfrå går det ein veg innover i landet som tidlegare var hovudvegen mellom Hosanger og gardane lenger inne på Osterøy, men er nå bilfri. Vegen er gruslagt, og etter ca. 2,5 km kjem du til Kossdalssvingane. Her stig vegen bratt 175 meter opp i dalsida. I løpet av 400 meter er det heile 17 hårnålssvingar og stigninga er i gjennomsnitt på 27 %. Undervegs kan ein nyte den fantastiske utsikta.

Turen til Kossdalssvingane er ein relativt enkel tur, som passar fint for barnefamilier. Den tar ca. 1,5 time tur/retur.

Turen passar fint som gåtur, men du kan óg tinge sykkel hjå Mjøsvågen landhandleri og sykle opp dei bratte svingane.

Forrige
Forrige

Firmakoret - teamwork på sitt beste

Neste
Neste

Havråtunet