Firmakoret - teamwork på sitt beste

 

Fjordslottet Hotell inviterer til eit nytt og spennande teamworkopplegg.

Undersøkingar har vist at sang gjev glede, betre humør og helse.

Å våga å syngja saman er ei spennande øving for mange. Stemma er privat, og det å dela ho med andre i felles song med gode kollegaer kan for ein del vera eit stort hinder å bryta gjennom.

Å syngja saman er god relasjonsbygging, der alle gjev sitt bidrag til fellesskap og samarbeid. Når songen fyller lokalet, kan alle dela songgleda og den felles mestringskjensla.

I songtimen på Fjordslottet er målet å gje deltakarane ei hyggjeleg songoppleving gjennom arbeid med svingande rytmer og klingande akkordar.

Kanskje er dette opplegget som gjev grunnlag for eit komande firmakor? Opplegget vert gjennomført med dyktige fagfolk som inspirerande instruktørar.

Tidsbruk: Ca. 90 min. Pris: Frå kr. 2.000.-

 
 
Forrige
Forrige

Maletimen på Den Grøne Fabrikken

Neste
Neste

Tur til Kossdalsvingane