Velkommen til julebord på Fjordslottet!


Fjordslottet - ekte førjulsstemning i ein varm og lun atmosfære

Når du stig inn i det staslege, julepynta herskapshuset – i ein varm og lun atmosfære – skal du kjenna den gode og ekte førjulsstemninga. 
La skuldrane senka seg og slapp av med noko godt i koppen eller glaset.  Vi byr på aperitiff eller ein god, gammaldags gløgg. Om kvelden vert det servert smakfull, tradisjonell julemat, men vi kan også tilby eit spennande alternativ om det er eit ønskje.

Ein liten time frå Bergen kjem du til julehotellet på Osterøy, her kan du nyte ekte førjulsstemning saman med venner, kollegaer eller familie.

Vi arrangerer julebord fire helger før jul, med live musikk og moglegheit for overnatting. For grupper kan vi tilby spennande, skreddarsydde opplegg, og julebord eller julelunsj i vekedagane.

Julebord på Fjordslottet

Lørdag 23. november, lørdag 30. november, lørdag 7. desember og lørdag 14. desember

Live musikk + aperitif + julebord + dessertbord og kaffi: 825,- per person.

Julebord, inkludert overnatting i dobbeltrom og frokost: 1695,- per person

Julebord, inkludert overnatting i enkeltrom og frokost: 1995,- per person

Ønskjer du julemiddag eller julelunsj på ein vekedag?

For større grupper tilbyr vi juletallerken/julelunsj, dessert og kaffi, frå kr. 495,- per person.

Familiejulebord

Søndag 1. og 8. desember inviterer vi til familiejulebord.