Slottsbryllup på Fjordslottet


Kven drøymer ikkje om det verkelege eventyrbryllupet?

Bryllupsfesten markerer eit av livets absolutte høgdepunkt, og vi på Fjordslottet har erfaring med å lage ramma rundt gjennomføringa av et vellukka bryllup. Hotellet vårt er omgitt av mektig vestlandsnatur og framstår som ei perfekt ramme for ein minnerik bryllupsfest og ei eventyrleg oppleving: atmosfæren, festlokala, festbordet, maten og stemninga.

Her kan brudepar, familie og venner samlast til bryllupsfeiring. Ønskjer de ei overnatting eller kva med å feire bryllup på hotell heile tre dagar til ende? Heile hotellet kan stillast til disposisjon om det er ønskjeleg. Bryllupssermoni kan foregå i hagen eller i ei av dei vakre kyrkjene på Osterøy. Ønskjer brudepar og gjester å koma med veteranbåt ala brudeferden på Osterfjorden? Eller kanskje de ønskjer å komme køyrande inn på tunet i ein konge- eller veteranbil? Eller kva med hest og vogn? Det meste er mogeleg hos oss!

Kjøkkenet vårt tilbyr ein smakfull festmeny, med lokale matvarer og eit ønskje om å gi deg ei smaksoppleving du snakkar om. Vi tilbyr bryllupspakke med moglegheit for oppgraderingar og tilpassingar.

Fjordslottet er klar for ei herskapeleg bryllupsfeiring. Vi har gode samarbeidsavtalar for blomster, kaker, musikk og transport. Velkommen til å planleggja dagen saman med oss!

Bryllupspakke

Vår standard bryllupspakke, som man sjølvsagt kan tilpasse etter ønskje.

Bryllupssuiten

Dette er vårt største rom, på heile 45 kvm.

Våre selskapslokale

Våre selskapslokaler og stover er ideelle for selskap frå 10 til 150 personar.


Ønskjer du å feire dagen hos oss?