Konfirmasjon på Fjordslottet


Konfirmasjon på Fjordslottet - ei oppleving som varer livet ut.

La ungdomen din feire sin spesielle dag på Fjordslottet, der tradisjon møter naturskjønnheit og gjestfridom. Vårt unike hotell, som ligg vakkert til ved fjorden og omgjeve av majestetiske fjell, er det perfekte staden å markere konfirmasjonen.

På Fjordslottet veit vi kor viktig det er å skape uforgløymelege minne av denne viktige dagen. Saman med dykk skreddarsyr vi konfirmasjonsfeiringa. Frå intime samlingar til større selskap, kan vi tilpasse arrangementet etter dine ønskjer og behov. Våre historiske salar og salongar har ein unik historisk atmosfære, og utsikta over fjorden og fjella skaper ei utruleg vakker ramme rundt feiringa.

Vår kulinariske oppleving er òg noko vi er stolte av på Fjordslottet. Kokken vår vil lage eit festmåltid som smakar like fantastisk som det ser ut. Enten du føretrekk ein deilig buffé med eit breitt utval av rettar eller ein elegant, fleirretters meny, kan vi tilpasse matopplevinga etter dine preferansar og diettbehov.

For dei som ønskjer å forlenga opplevinga, tilbyr Fjordslottet òg overnatting.

Konfirmasjon på Fjordslottet er ei oppleving som vil vare livet ut. Ta kontakt med oss i dag, og la oss hjelpe deg med å skapa eit minne for evigheit på dette herskapelege, historiske hotellet ved fjorden og fjella på Osterøy.


Tusen hjarteleg takk for ein fin dag!

Me er så nøgde med servicen dykkar, de gjekk verkeleg inn for å skapa ein uforgløymeleg dag. Maten var så god, og her var det noko for ein kvar smak. Det var fleire som åt over evne 🤣

Me må verkeleg få takka dykk. Eg kan oppriktig seia at me har aldri opplevd betre service. Når mi farmor trong å veksla pengar, gjekk ein av dykkar tilsette til nærbutikken for å veksla for ho. Dykk hjelpte oss med pynting av kake og blomar. Samt kom med tips til pynting. Takka vere dykk følte me oss som gjester sjølve, sjølv om me var vertar!

Me kjem att om tre år når nestemann i rekkja skal konfirmerast.
— Iselin Standal Hernar