Selskapslokaler på Fjordslottet


Stil, stemning og atmosfære.

I våre koslege og historiske selskapslokaler vil du oppleva at din merkedag blir ein festdag for deg og gjestane dine – ein dag som i ettertid skal framkalla gode minne.  Frå du og gjestane dine går over den raude løparen, skal du vita at vertskap og personale vil ta godt vare på deg og gjestane dine, slik det er planlagt. Kanskje du vil disponera heile hotellet for ditt arrangement? Kanskje du vil koma ridande til hest eller med kongebil når det vert avfyrt æressalutt? 

Våre selskapslokaler og stover er ideelle for selskap frå 10 til 150 personar.

«Da ordnar me!»

Holm & Hambro

Namngitt etter godseigarane på 1800-talet, historien får du når vi ønskjer deg velkommen. Lyse og trivelege rom, moderne med ei historisk atmosfære.

Kapasitet: inntil 120 personar.

Raud stove

Det var her mennene trakk seg tilbake med tobakkspipen og eit glass utsøkt conjakk. Personleg og intimt - perfekt for mindre selskap.

Kapasitet: 12 - 14 personar.

Blå stove

Dette var daglegstova for herskapsfamilien. Rommet var like innafor det gamle kjøkkenet med stor gruve, så i den kalde årstida var dette det varme rommet.

Kapasitet: inntil 25 personar.

Slottskjellaren

Følg trappen ned til den gamle vin- og potetkjellaren. Her er det utvida og innreda i ein rustikk stil. Ha rommet uformelt og uhøgtideleg, eller la oss pynta til fest.

Kapasitet: 40-50 personar.

Salongstovene

Her kan du kjenna på stemningen og sjela i huset, nyta det herskapelige med noko godt i koppen eller glaset - og drøyma deg tilbake i tid. Sofa og salongbord gir ein koseleg atmosfære.

Usikker på kva lokale som passar best til ditt selskap?

Bryllup

Drøymer du om det verkelege eventyrbryllupet?

Jubileum, dåp, konfirmasjon

Stil, stemning og historisk atmosfære i vakker vestlandsnatur.

Bla%CC%8Atur+aktivitet1.jpg

Familiesamling

La oss hjelpa til med få samla slekta - dette kan vi.

Julebord

Opplev hyggeleg atmosfære og nydeleg mat.