Då kjøpmannen Carl Joacim Hambro frå Bergen slo seg ned her i 1851, plasserte han herskapshuset på den flottaste tomten. Hovedhuset ligg på eit høgdedrag, like bak bunnen av Fotlandsvågen. Her budde herskap og tenarar. Det var eit stort hushald og mykje gjester frå byen. I forhold til dei fattigslege bondehusa, der menyen var graut, sild og poteter, var nok dette å sjå på som eit slott.

Dette flotte herskapshuset er i dag innreia med seks trivelege hotellrom + suite, der alle har sin eigen farge og er innreia i bonderomantisk stil. I 2. etasje finn du brudesuiten. Her er det plass til både å øve på brudevalsen og få servert ditt spesielle måltid.

Velkommen til ei herskapeleg atmosfære med stil, stemning, god mat og drikke. Ei personleg og heimekosleg hotelloppleving.

Antall rom: 6 dobbeltrom + suite

Hovedhuset