Gardsbesøk på Hauane gard

Kom på besøk til Lillian og Sigurd og hels på kyr, kviger, kalvar og sauer på beite, høns, kyllingar og kattar på tunet og bli med i grønsaksåkeren og kjenn den gode smaken på det som veks der.

Hauane gard er ein tradisjonell vestlandsgard som driv med mjølk- og kjøtproduksjon og i tillegg dyrking av grønsaker i småskala – utan bruk av kunstgjødsel eller sprøytemiddel.  Bøndene Lillian og Sigurd driv garden saman med god hjelp av familien som tek aktivt del i gardsarbeidet.

Garden ligg i eit flott kulturlandskap og populært turområde på Revheim omlag 4 km frå Lonevåg og 9 km frå Valestrand.  På garden vil du møta både den yngre og eldre generasjonen som har mykje spennande og interessant å fortelja om gardsdrift og matproduksjon i notid og fortid.

Pensjonistbonden og bygningsmannen Rune kan gje ei levande forteljing om livet på garden i gamle dagar, og ta deg med på omvisning i Gamlahuset frå 1833 og Gamlafloren frå 1848.

I Oppigardsløo frå 1909 vil du få sjå og verta fortalt om den tradisjonelle og spesielle byggeskikken med brakakledning og stavbygg.

På garden har det i fleire generasjonar vore drive med attåtnæring knytta til bygningsarbeid, men også ull har vorte foredla til tovesko.

Periode: Frå juni til oktober tek vi imot avtalte besøk av grupper på 4 - 8 personar.
Tid: Omlag 2 timar.       
Pris:

  • Vaksne Kr 375,       

  • Born Kr 190.-

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gardsbesøk på Myking

Neste
Neste

Kleiveland Gard og laksegiljene