Opplev stølslivet på ein ekte geitestøl!

70 geiter frå Hole gard er på stølen i Dyrkolbotn om sommaren. Geitene går fritt på fjellbeite frå juli, til ut i september.

Dyrkolbotn ligg 350 moh. i Romarheimsdalen i vestre delen av Stølsheimen.

Her vert det mjølka og ysta brun geitost gjennom heile sesongen.

På sommarstølen vår kan du få oppleva stølslivet. Du kan få prøva å mjølka, og om det passar slik kan du få laga din eigen geitost, som du kan ta med deg heim.

 Etter ein god frukost startar turen med ein kort biltur til Tyssebotn, der vi går om bord i ein lokal rutebåt, og den lokalkjente skipparen Tore fortel historie og tek oss med på ein flott båttur til Vikanes eller Romarheim. Der  vert du henta og køyrt til stølen i Dyrkolbotn.  Etter stølsbesøk vert det ein smakfull lunsj på Dyrkolbotn Fjellstove, der du også får høyra historien om garden Dyrkolbotn.

For dei som ønskjer det kan det vera mogleg å leiga kano og få seg ein padletur.  Ca. kl. 15.00 er det tid for turen tilbake til Fjordslottet.

Etter denne flotte opplevinga kan det gode livet nytast på Fjordslottet med kvile, noko godt i koppen eller glaset, nysteikt heimebakst og ein 3-rettars smakfull middag om kvelden.

Besøkstid for heile turen med stølsopplegget og lunsj:  ca. 6 timar

Pris:

  • Vaksne: kr. 1.250,- (m/ostelaging kr. 1.375.-)

  • Born: kr. 850.- (m/ostelaging kr. 950.-)

Minimum 6 delt. Min pris kr. 6.500,-

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Borge motormuseum

Neste
Neste

Gardsbesøk på Myking