Ølsmaking hjå Tøsse Brygghus
Berre nokre minutt frå Fjordslottet ligg Tøsse Brygghus, der du kan bli med på omvising og smake ferskt handverksøl kombinert med lokal spekemat.
Tøsse Brygghus – eit moderne handverksbryggeri med røter i Tøsse Mølle frå 1866.
Her kan de bli med på omvising i bryggeriet, lære om ølbrygging og smake eit utval ferskt handverksøl. Du får òg innblikk i kvifor havre spelar ei viktig rolle i alle ølsortane deira.
Opplevinga inkluderer smaksprøvar av øl og lokal spekemat frå Osterøy – ei sosial og smakfull aktivitet, perfekt for grupper.
Pris: kr 525 per person
Inkluderer omvising, ølsmaking og lokal spekemat
Minimum 5 personar
Kombiner opplevinga
Opphaldet kan enkelt kombinerast med turar i vakre omgjevnader:
Fjellturar i Tyssefjella
Besøk til geitestøl med lokal mat
Aktivitetar på fjorden som kajakk eller båttur
Ta kontakt med oss på Fjordslottet for tips eller hjelp med planlegging av opplevingar under opphalde