Velkommen til julebord på Fjordslottet!


Fjordslottet - ekte førjulsstemning i ein varm og lun atmosfære

Når du stig inn i det staslege, julepynta herskapshuset – i ein varm og lun atmosfære – skal du kjenna den gode og ekte førjulsstemninga. 
La skuldrane senka seg og slapp av med noko godt i koppen eller glaset.  Vi byr på aperitiff eller ein god, gammaldags gløgg. Om kvelden vert det servert smakfull, tradisjonell julemat, men vi kan også tilby eit spennande alternativ om det er eit ønskje.

Ein liten time frå Bergen kjem du til julehotellet på Osterøy, her kan du nyte ekte førjulsstemning saman med venner, kollegaer eller familie.

Vi arrangerer julebord fire helger før jul, med live musikk og moglegheit for overnatting. For grupper kan vi tilby spennande, skreddarsydde opplegg, og julebord eller julelunsj i vekedagane.

Julebord på Fjordslottet

Lørdag 22. november, lørdag 29. november, lørdag 6. desember og lørdag 13. desember

Live musikk + aperitif + julebord + dessertbord og kaffi: 845,- per person.

Julebord, inkludert overnatting i dobbeltrom og frokost, frå kr 1695,- per person

Julebord, inkludert overnatting i enkeltrom og frokost frå kr 1995,- per person

Ønskjer du julemiddag eller julelunsj på ein vekedag?

For større grupper tilbyr vi juletallerken/julelunsj, dessert og kaffi, frå kr. 545,- per person.

Familiejulebord

Søndag 30.november og 7. desember inviterer vi til familiejulebord

Arrangeres fra kl 13:30 tl 17:00.

Tradisjonell julemat + dessertbord og kaffi.

Voksne 525,- Born kr 3-13 år kr 25,- pr år.