Velkommen til bords
Ei smaksoppleving basert på dei beste råvarer – også frå lokale leverandørar.
Nyt god mat og drikke i våre lyse, trivelege rom, med ei historisk atmosfære - eller ha eit meir privat og intimt selskap i den raude eller blå stova. I våre to intime salongar kan du nyta din ettermiddags-te eller kaffikopp med ekte heimebakst. På varme dagar kan du nyta vin eller velsmakande epledrikk i hagen vår.
Kjøkkensjefen vår, saman med vertsskapet, sørga for at vi er kjent for fantastisk mat. Her skal maten vere ei oppleving du snakkar om. Saman finn vi menyen som passar ditt selskap eller samankomst.
Senk skuldrane og kos deg.
Kontakt oss, så planlegg vi menyen saman!
Me tek matsvinn på alvor – takk for at du hjelper oss!
Her på hotellet er berekraft meir enn berre eit ord – det er ein viktig del av kvardagen vår. Eit av områda vi har særleg fokus på, er å redusere matsvinn.
Me veit at mat er verdifull – både for miljøet og for dei som har produsert den. Difor:
Tilbyr vi porsjonstilpassa alternativ der det let seg gjere
Oppmodar vi deg som gjest til å forsyne deg fleire gongar, heller enn å ta for mykje på ein gong
Handterer vi overskotsmat med omtanke, i tråd med gjeldande retningsliner
❤️ Tusen takk for at du viser omsyn og bidreg til ei meir berekraftig hotelloppleving!