Fjordtur med båt

Fjordslottet Hotell inviterer til minnerike opplevingar på fjorden!

NB! Turen går kun lørdager og søndager eller når båten er i rute.

Bestill på telefon Bestill på e-post

Snakkar ein om ei uoppdaga perle, så er indre Osterfjorden eit godt eksempel. Dei siste åra har Osterfjorden vorte oppdaga som ein av dei flottaste fjordlandskapa på Vestlandet – ei spektakulær fjord- og naturoppleving du seint vil gløyma.

Ei opplevingsreise i denne fjorden er ei reise i fjordafolket sin historie frå vikingetid og fram til i dag. Her får du historien om fjorden som viktigaste ferdslevegen, fjordbonden og folket som budde langs fjorden, laksefiske med not og laksegilje, sandfarten på Osterfjorden -, veglause grender, mektige fossar og ville fjell. Osterfjorden som har skapt poesi og tonar gjennom visene «Singel og sand» og «Dar kjem dampen».

Turen startar på Tyssebotn der den lokalkjente skipparen og guiden Tore ønskjer oss velkommen om bord i M/B Ospenes - den vesle rutebåten som er livsnerven for veglause gardar langs fjorden. Turen går inn Tjuasundet der Tore vil fortelja fantehistoriar og sagn.

Vidare innover spektakulære Osterfjorden og Mofjorden til idylliske og spennande Mostraumen med tidevass-straumen som er skapt av fjorden som vart til eit vatn, og som vart til ein fjord att.

Her kan fiskelukka prøvast om skipparen har tru på fangst? Utover fjorden att vil du få høyra om slaget med kong Sverre på isen i Mellestadsundet og livet på veglause gardar.

Når båten nærmar seg Kleiveland dukkar det opp eit par små «hytter» som står på «stylter» like ved sjøkanten. Her får du høyra laksehistorie om gamle fangstmetodar og nyrestaurerte laksegiljer som fortel om lange tradisjonar med laksefiske som attåtnæring for fjordbonden.

Det er tid for ein liten stopp ved «nyekaien» på Kleiveland, bygda som var eigen skulekrins, og fekk veg i 1983. Om nokon er freista til ein dukkert i sjøen, så er dette den idelle staden.

No er det på tide med nokre godbitar av røykelaks, før turen går vidare til ilandstigning i Tyssebotn.

Fjordcruisepakke per person fra kr. 2.990.- (forutsetter minimum 8 passasjerer eller at båten går i ordinær rute) inkludert er:

  • 2 x treretters middagar

  • 2 x overnattingar i dobbeltrom

  • 2 x frokost

  • 1 x turmat

  • Båttur ca 3 timer

battur.jpg

Veafjorden - Spectacular views from one of the beautiful fjords from western Norway

Utsikt over Veafjorden

Båttur frå Tyssebotn:

Måndag/onsdag:

  • Avgang frå Tysse kl. 13.00, via Vikanes kl. 13.30 og Stamnes kl. 14.15.

  • Held fram til Veafjorden. Retur frå Vedå kl. 14.45, berre stopp ved behov.

  • Tilbake til Tysse med ankomst rundt kl. 16.00 - 16.30, avhengig av stopp og passasjerar.

Fredag:

  • Avgang frå Tysse kl. 14.45, besøker stoppestader på veg til Vikanes kl. 16.00.

  • Avgang til Stamnes kl. 16.45, ankomst kl. 17.30, deretter til Vedå.

  • Retur rundt kl. 18.00, med stopp til Tysse for ankomst rundt kl. 19.00 - 19.30.

Søndag:

  • Avgang frå Tysse kl. 16.00, via Vikanes kl. 16.30 (om det er passasjerar), deretter til Stamnes/Vedå avhengig av passasjerar.

  • Avgang frå Vedå kl. 17.30, til Stamnes kl. 16.50, deretter til Vikanes kl. 18.45.

  • Ankomst Tysse rundt kl. 19.00 - 19.30.

Merk:

  • Tidspunkta kan variere grunna venting på buss eller annan transport, pasienttransport og uforutsette hendingar.

  • Bestill turen i god tid. Prioritet blir gitt til dei med eigedomar langs ruta, og det er avgrensa til 12 passasjerar.

Prisar:

  • Voksen: 500 kr, Barn under 16 år: 300 kr.

  • Båten kan leigast alle dagar, under føresetnad av tilgjengelegheit og unntak for faste ruter og pasienttransport. Pris pr. time: 2500 kr + 12 % mva. Bestilling må gjerast i god tid.


Sjå fleire aktivitetar:

Forrige
Forrige

Vandring/ fjelltur

Neste
Neste

Kajakk og padling