Vandring/ fjelltur

Bestill på telefon Bestill på e-post

Fjordslottet Hotell har eit perfekt utgangspunkt for naturopplevingar. På Osterøy er eit eldorado for vandring i natur.

Turar med ulik vanskegrad, frå korte og lette mosjonsturar til dagsturar og krevjande fjell- og toppturar: Bruviknipa, Rispingen, Høgafjellet, Tveitafjelletog  Åsheimveten for å nemna nokre.

Fjordslottet kan også tilby spennande vandreturar med lokalkjente guidar som har interessant historie å fortelja på turen. Når toppen er nådd er det berre å nyta den fantastiske utsikta til vakre bygder, sølvglinsande fjordar og vatn, frodig skog og mektige fjell.

Etter ei flott naturoppleving kan det gode livet nytast på Fjordslottet Hotell, med avslapping, ein dukkert i sjøen eller vatn, noko godt i glaset eller koppen, nysteikt heimebakst, eller ein 3-retters slottsmiddag om kvelden.

Vandrepakke:

  • Overnatting i dobbeltrom

  • Treretters middag

  • Frokost og turmat/nistepakke

  • Infokart Osterøy

Pris frå: kr 1.795,- pr person i dobbeltrom.

Tureksemplar:

  • Nærområdetur i gåavstand frå hotellet / ca 2 timar / 15 - 39 m.o.h

  • Historisk tur forbi to nedlagde gruver / ca 3 timar / 250 m.o.h

  • Tveitafjellet, utsikt over Osterfjorden / ca 3 timar / 556 m.o.h

  • Sætertur til Solbjørgsætra / ca 2 timar / 425 m.o.h

  • Laksegiljene - Askildneset / ca 6 timar / 245 m.o.h

  • Kossdalssvingane / ca 1,5 time / 360 m.o.h

Be om tilbod på ein opplevingsrik tur med guide.

fjelltur.jpg

Sjå fleire aktivitetar:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Laksagiljo, ei unik oppleving med Bygdasjarm

Neste
Neste

Fjordtur med båt