Historiske attraksjonar

Det er funne spor etter menneske på Osterøy tilbake til omlag 8000 år f.Kr. For historisk interesserte personar har Osterøy eit tilbod av det skjeldne:

  • Osterøy Museum, kulturhistorisk museum. Utstillingar, tema knytt til fjordkultur, lokalt handverk, småindustri, tekstil og kunstutstilling.

  • Hamre kyrkje, kyrkjestad med stavkyrkje fra ca. år 1024.

    Det  står no ei særprega langkyrkje i tre frå 1622.

  • Ole Bull huset, huset er bygt av den verdskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull på farsgarden på Valestrandsfossen.

    Mange av dei store kunstnarane frå den tida m.a. Edvard Grieg besøkte han på Valestrandsfossen.

  • Havråtunet, ein av dei best bevarte klyngjetuna på Vestlandet med historie tilbake til bronsealderen.

  • Herlandsfossen Kraftverk, 100 års krafthistorie, eit pionerprosjekt.

  • Mjøsvågen, industrihistorie, kunst og kultur i eit verna naust- og verkstadmiljø.

  • Kossdalssvingane, Kulturhistorisk vegstykke som vart laga for hand med 17 krappe svingar og stigning på 27 %.  Stod ferdig i 1897.

Foto lånt fra: www.osteroy.kommune.no

Foto lånt fra: www.osteroy.kommune.no


Sjå fleire aktivitetar:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fiske/Båtutleige

Neste
Neste

Vi tilbyr skyting på bane i samarbeid med Osterøy Skyttarlag